Arnfinn Westeraas

Gnr. 116, bnr. 1, Geiranger

Intervju 06.09.07med Arnfinn (41 år) og far hans Per Westerås (73 år),
Pergarden, Westerås gard og restaurant, gnr. 58, bnr. 1, Geiranger.

Garden Vesterås ligg 320 m.o.h. oppå det loddrette Vesteråsfjellet over Geiranger sentrum og har ein makelaus utsikt ned mot Geirangerfjorden.
Garden ligg brattlendt til, men jorda er grøderik. Etter køyrevegen om Holebygda er det 4.5 km frå verdsarvfjorden.
Garden finns i matriklar tilbake til 1600-talet og i jordebøkene finn ein namnet i 1603. Det har likevel vore menneske på gardsområdet heilt tilbake til steinalderen. Det viser funn.
– Tippoldefar min fann ei steinøks her og den hadde dei i eit skråskap fram til 1907, då fonna kom og tok med seg steinøksa og andre eignelutar som forsvann.
I generasjonar har menneska drive garden.

Per Westerås (73), kona Magnhild (62) og sonen Arnfinn (41) med kona Iris (36) driv garden og restauranten Westerås. Arnfinn og Iris tok over drifta i 2004.

Dyrehald – geit, sauer , Shetlandsponniar og to lamaer – og nokre få påfuglar!
– I tidlegare tider hadde dei alltid geiter; difor vart det heller ikkje skog her, seier Per.
Dei hadde ikkje brensel her. Geita øydela skogen. Dei måtte då leggje om til storfe og sau.
Så kom geithaldet tilbake på 1960-talet. Då vart det kombinasjonsbruk: sau, geit og kyr.
I dag er 85 sauer sleppt opp i marka – vi har 35 vinterfôra sauer og opp mot 40 vinterfôra geiter. No går det 66 geiter på garden. Det vart stor etterspurnad etter denne Kashmir-rasen. Vi har selt mange ammegeiter. No tek kjea all mjølka. Vi mjølkar ikkje geitene no, mot før.
Det nytta ikkje å bruke den norske geita. Ho produserte så mykje mjølk at dei måtte mjølke ho også etter at ho hadde amma!
To lamaer og to shetlandsponniar promenerer også på den brattlendt garden!
– Vi hadde tru på fleire lamaer i produksjon, men det vert ikkje noko resultat, seier dei to. Den mannlege lamaen har ikkje vore i stand til å produsere!

Turisme – restaurant og hytter
– Vi har nokre få påfuglar og ender for turistane, seier Arnfinn. Restauranten er ei god attåtnæring, saman med hyttene, men det ligg mykje arbeid og planlegging bak. Det vert lange dagar. Timeløna vert heller ring. Det er knapt tre månader sesong.
Dette skal vi då leve av heile året og så er det mykje vedlikehald som kostar.

Vitjing av kongelege.
Garden vart i 1904 vitja av den engelske dronning Alexandra.
Per og Arnfinn Westerås syner meg eit fint bilde av 17 år gamle prinsesse Juliana av Nederland som vitja garden i 1926. Ho vart dronning i 1948. Ho sit i hestekjerre og kusken, ja, det er Alfred, far og bestefar til dei to.

Ei gåve frå våre forfedre
– Eg føler at garden er ei gåve frå våre forfedre, seier Per. I mine yngre dagar merka eg ikkje at det var tungt. Eg arbeidde fornuftig, no er det meir stress. No må alt vere mykje meir rasjonelt.
Eg hadde i mi tid 60 mjølkegeit og hadde eit vanleg dagsarbeid. Om sommaren køyrde eg turistar på skyssing frå turistbåtane.
Far var trøytt etter mykje arbeid, men ga seg aldri. På slutten støtta han seg til ein stav, når han slo! Han ville hjelpe til.
Ungdomen reiste ikkje ut tidlegare. Det var nok ein hovudgrunn til at ein heldt gardane ved lag. Utdanning var det lite mogeleg. Eg fekk ferie først, når eg var 52 år. Det var telttur til Bergen! ler Per. Det var hardt arbeid også i andre yrker.

Sjølvberga gard – og matrettar
Vesterås var som gard sjølvberga. Ein kunne overleve. Kjøt og fisk vart salta ned. Ein fekk salt frå tang i sjøen, hengde ut tanget, knuste i stampar, så det vart som eit pulver dei salta ned i. Sukker var søtrot, skikkeleg godt, det var snop under krigen. Ein sanka det i hop, tørka det og brukte det som sukker.
Kalde poteter og spekjeflesk var god mat! ’Søppe’ som vi seier var god drikke av surna mjølk. Vi sette til eit urteslag, klemra safta ut ned i mjølka. Av dette vart det bakteriar som sette fart i surninga.
På garden hadde vi smørproduksjon. Vi kjinna her på garden, så bar bestefar min, Peder, meir kjent som Westerås-Pe, det ned til Bakketun i Geiranger. Det var ikkje få som misunte han då! – og vi hermetiserte kjøt.
Det gjekk på spekekjøt og mør og fenalår har alltid vore ein god salsvare. Det hang på alle vegger. Bestemor laga ekstra god mør.

Dramatikk: 13 menneske drepne i fonntragedie
Det var ved nonstider, 22. februar 1907. Dei gamle var ottefulle. Det hadde snødd tett i fleire dagar og snøen la seg oppetter veggane. Det var fonnvêr. I det neste raser fonna nedetter det 1500 meter høge Laushornet mot garden og 3 menneske mister livet.
Neste morgon er naturen atter nådelaus. Ei ny fonn stikk oppe i det like høge Trekantfjellet og drep 10 menneske som sit samla på nabogarden, i det tunet dei trudde var tryggast.
Ei bygd i djup sorg. Den 2. mars kan dei gravleggje seks døde som er funne. Sokneprest Gunnarson er òg prega av tragedia: – I dag lyt du finne salmane, klokkar, seier han.
Den siste avlidne finn dei først i mai, ei 7 år gammal jente.
– Ja, seier Per Westerås, eg miste oldemor mi den gongen.

Fonnfaret og høgfjellet – gjev god smak
– Dyra går i høgfjellet. Vi bryr oss om dyra. Det skaper trivsel for begge partar.
I rasmarka veks det mykje friskt gras, urter, perikum og karve som gjer beitet ekstra godt for sauer. ’Kvannejol’ veks i høgda. Det var før brukt til tobakk og hadde ein streng aroma.
Fjellgras og skoggras gjev ein heilt anna smak enn kunsteng.

Framtida
– Det umogeleg å spå og det kan kome store omveltingar i verda.
Vi tek eit år i slengen. Det kan sikkert satsast meir på turisme, men dersom gardane gror att, vil det heller ikkje bli turisme i større grad, seier dei to.
Landbruket er ’over og ut’, seier mange. Det rår ei viss pessimisme.
Unesco-arven kan bety mykje.