Frode Ronneberg

Frode Rønneberg

Gnr. 69, bnr. 8, Eidsdal

Intervju 09.09.07med Frode Rønneberg,
Skulegarden, gnr. 69, bnr. 8, Rønneberg, Eidsdal

Eg møter Frode Rønneberg (47 år) og Gunhild Lillebostad (42 år) frå Bolsøya på ’Skulegarden’ på Rønneberg.

Gamleskulen
– Ja, gamleskulen som garden har namnet etter, står her den dag i dag, seier Frode og peikar på ei lita, kvit stove nedanfor huset deira.
Foreldra mine, Ragna Marie Olivia og Leiv Rønneberg gjekk på skule der. Skulen er sjølvsagt nedlagt no.

Ragna Marie Olivia (79 år, f. 1928) – (telefonprat 19.09.07):
– Ja, vi gjekk begge på ’gamleskulen’. Den vart lagt ned på 1930-talet. Det var vel for få ungar. Så var kan i drift att på 1950-talet. Skulen står på gardsområdet, men den er felleseige for heile grenda. No står den heilt tom.

Familien og garden
Det er liv og røre rundt oss!
– Ja, vi har 5 born! Eg driv også grannebruket, og haustar gras på 2-3 andre bruk..
Eg overtok etter foreldra mine i 1988. Eg var nest yngst av 4 søsken. Dei to eldste sa frå seg garden. Eg tok over, det var anten det eller leggje ned. Vi hadde bygt nytt fjøs i 1986. Det var for gale å leggje ned, tykte eg. Vi tenkte ikkje på sal. Det var ingen som pressa meg, men følte at eg måtte.

Ragna Marie Olivia (telefonprat 19.09.07):
Dramatikk på garden: – Ja, det må eg seie. Bror min Erling, 2 år og 4 månader gammal forsvann brått ein laurdag frå familien. Han skulle sjå etter far sin, men gjekk seg vill. Erling skulle passast på, men kom seg vekk og dei fann han ikkje. Det vart sett i gong leiting utan resultat og også politi med hundar vart sett inn søndagen, også utan resultat. Det hadde sludda og regna, og var kaldt. Så hender det at nokre ungdomar ser eit kraftig ljos der oppe i fjellet. Dei tek ’me’, merkar seg retninga og gjev beskjed , så snart dei når ein telefon. Neste dag finn ein guten mellom to steinar der oppe i fjellet, 900 m.o.h. – han var ikkje medviten, men overlever. Han vert ikkje ein gong forkjøla, seier Ragna Marie.
Ja, men fraus du ikkje og var du ikkje redd i mørket? Nei, det var ein lampe der oppe, sa guten og så var sauene til bestemor der. – Han hadde kan hende ly hos eit par sauer, seier Ragna Marie. – Ja, ikkje veit eg, korleis han kunne overleve der oppe i fjellet i sluddbygene. Det var nok eit Guds under. Han hadde gått lenger opp enn nokon kunne tru, det er òg merkeleg. Det er iallfall ein time marsj for eit vakse menneske opp dit.

Verdsarvområdet
– Garden ligg utanfor området, så eg er fri til å byggje ut, men sauene beitar i verdsarvområdet. Det er mykje godt fjellbeite heile sommaren. Det veks urter i fonnfara.
Det er viktig å halde kulturlandskapet i hevd. Skogen kjem med ein gong ein sluttar med beitedyr.

Sauehald
Mesteparten av våre dyr går i Smogedalen, mot Sunnylvsfjorden. Vi går over Smogereset, 900 m.o.h. og ser etter dei med jamne mellomrom.
Om hausten kjem sauene ofte av seg sjølv, dei fleste. Det er berre å opne grinda like nedanfor verdsarvområdet som grensar i skogkanten!
Eg har 52 vinterfôra sauer og det var 102 lam sist vår. Eg sende 154 på sommarbeite. I haust vert det nok å slakte ca. 100 dyr.
Eg har auka på med sau siste åra. Då eg tok over hadde vi 15-20 sauer, så det har auka jamt og trutt. Eg meiner likevel at det har vore betre tider for sau, men det svarar seg.
Vi har òg diskutert om vi skal starte med ammegeit.
Eg har 10 mjølkekyr og nokre ungdyr, kalvar og kviger.
Når det gjeld mjølkeproduksjon, så er eg med i det nye samdriftfjøset på Skuset.
Der skal det bli plass til 75 mjølkedyr. Vi er 4 gardbrukarar i lag; det går mot færre og større einingar. Finansieringa går på ’samsen’, ei investering på 9 mill. kroner.
Vi har ikkje hatt hest i mi tid, men bestefar skyssa turistar i Geiranger med hest og kjerre.

Attåtnæring
Eg tek meg arbeid ved sida av. Det er greitt å halde på med noko anna enn berre gardsarbeid. Eg køyrer ein del buss om sommaren og så ein del snikkararbeid vinterstid..

Turisme
Ein av grannegardane driv òg litt turisme som attåtnæring. Frode vil ikkje vere ’oppbunden’ om sommaren, men han får sjå.

Trivsel
Eg har alltid vore interessert i dyr og gardsarbeid. Det gjev meg mykje og så har eg god støtte frå familien.

Framtida.

Det har ikkje vore gode tider, men betre no. Det er underskot på kjøt, både storfe og småfe, så her er ein marknad.
– Eg har så vidt vore innom kommunestyret, men er ikkje aktiv politikar. Det minkar med folk i bygdene. Utviklinga er skremmande. Politikarane har ei stor utfordring.