Georg Indreeide

Georg Indreeide

Gnr. 64, bnr. 2, Eidsdal

Intervju 06.09.07 med Georg (35 år) og Janne Stine Indreeide (32 år),
Olagarden, gnr. 64, bnr. 2, ved Eidsvatnet, Eidsdal, Norddal kommune

Gardane ved Eidsvatnet ligg 430 m.o.h. – det er 12 km til Eidsdal sentrum. Over til Møll og Ørnevegen i Geiranger går vegen også i tunnel over eit djupt skar med stor fonnfare. Dette er samstundes overgangen til Geiranger som ein har nytta til alle tider.
– Vi driv eigentleg tre bruk, seier Georg: Olagarden (bnr. 2) som vi bur på, så Reitegarden (bnr. 1) som eg kjem i frå og Magnusgarden (bnr. 4).

Dyrehald – høgt til fjells
– Fjellbeitet til sauene, geitene og kyrne er i fjellsidene mot dette skaret og i fjellet elles, seier Georg. Halve flokken er spelsau og dei andre dalasauer. Spelsauen fer høgt oppe i fjellsidene her, medan dalasauen held seg meir nede i dalen. Sams for dei er at dei beitar i far etter fonn. Her er det mykje godt fôr.
Vi tek dei første no direkte frå fjellbeite og sender til slakting. Det er i høgste grad eit prima kjøtprodukt!
Så slaktar vi lam heime til eige bruk. Lagar rull og spekemat.
Vi var alltid sjølvberga på garden, når det galdt mat. Ein klarde seg sjølv.
Vi har 75 vinterfôra sauer, og så vart det 155 lam sist vår. Vi har også 25 mjølkekyr.

Verdsarvområdet
Alt som er av beite er innafor verdsarvområdet, berre tunet står utanfor! smiler Georg.

Historie tilbake til vikingtida
– Det er funne ei kvinnegrav frå vikingtida. Der fann ein òg mellom anna ei vevskei, ei langskafta, rund steikepanne, ei irsk spenne og ovale bronsespenner til å feste drakta med.
I 1884 fann ei neit irsk bronsebeslag, kniv og saks. Her har vore busetnad iallfall tilbake til 900-talet.

Fonna tok garden – og setra
I 1679 tok fonna tuna nede ved vatnet. Det var for utrygt til at ein bygde opp att husa der. Løysinga vart å byggje eit klyngetun på grunn av rasfaren, slik det ligg i dag.
– Vi hadde seter oppe i Indreidsdalen mot Møll, seier Georg, men ho vart òg teken av ras og i dag står berre tuftene att.

Eidsvatnet
Ja, vatnet er delt i 10 partar. Vi leiger ut med fiskekort, mest til turistane. Vi lokale fiskar ikkje så mykje som før, men det vert noko om hausten med garn. Så det truar med ’overbefolkning’ i vatnet med liten fisk. Dei kasta med not før og leverte til hotella i Geiranger. Då gjekk gardbrukarane i hop; no vert det mest hjortejakt. Vi har totalt 6 løyve her, naboane og eg.

Attåtnæring
I gamle dagar var det skyssing med hest og kjerre i Geiranger. Om våren frakta ein kjerrene inn med dampbåten eller tok dei over skaret ned Ørnevegen. Det var ikkje særleg til veg den gong, så ofte tok dei av kjerrehjula og frakta kjerra ned så godt dei kunne. Det kunne vere kjærkomne kontantar. Vi kunne levd av garden, men det er tryggare med noko attåtnæring.
Eg arbeider òg som snikkar og så har eg arbeid i Mesta, i vegvesenet. Janne Stine er vikar i barnehage.

Framtida
Vi leverer 132 tonn i mjølkeproduksjon som gjev beste inntekta. Vi kan levere 100 dyr til Tind.
Vi må truleg byggje ut driftsbygningane om det skal satsast meir og eventuelt på geiter.
Janne Stine og eg har fem born og dei deltek i arbeidet på garden. Eg får òg mykje god hjelp av far, når han kan. Vi er optimistar og har planar om framtida.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

ten + 7 =