Karl Petter Stenvag

Karl Petter Stenvåg

G.nr. 58 Bnr. 9 – Eidsdal

Eg møter Karl Petter Stenvåg på oldefars-garden Stenvåg oppe i lia i Eidsdal.

– Ja, her er mykje stein her oppe på Hjellane! smiler Karl Petter, ein staut kar på 26 år – og mykje måtte ryddast! Det var mykje hardt arbeid.

Gardssoga
– Det var seint 1800-tal, då oldemor og oldefar flytta hit og garden vart dyrka opp. Så det er ein familiegard langt tilbake og eg er fjerde generasjon. Det seiest at oldefar og oldemor frå Moldsvor rett og slett tok med seg huset, då dei flytta hit – og sette det oppatt her! Det var helst lite produksjon av tømmer på desse traktene til husbygging. Eigedomen kjøpte dei av Storhjellane.
Bestefar kom frå Ålesund. Opphavleg var dette ein liten gard, med grønsakåker, frukttre, kan hende ein gris, ein hest, eit par kyr, nokre sauer og geiter. Med nabogardane var det 7 bruk totalt på Hjellane den gongen.
No er eg åleine som driv gard her oppe.
Eg får likevel god hjelp og gode råd frå foreldra mine, Petter og Åshild som bur i nabohuset.
Eg er einaste sonen. Eg var visst ikkje planlagt, ler Karl Petter, men trur ikkje foreldra mine angrar i dag.
Dei to systrene mine har flytta frå bygda.

Karl Petter og gardsdrifta
– Ja, som du skjønar, var det ikkje nokon tvil på kva dei skulle døype meg, smiler Karl Petter.
Oldefar heitte Petter, Karl var bestefar og Petter det er far!
– Det er i høgste grad eit småbruk, på berre 9 mål, men eg tykkjer at småbruka òg skal ha ei meining i Noregs land, ikkje minst slik tidene er no. Det er ein usikker situasjon ute i verda. Det er viktig at landet har eit jordbruk i god drift og med gode vilkår.
Eg trur på eit mangfald i jordbruket. Det er mange måtar å drive gardsbruk på, alt etter kvar i Noreg det ligg.
– Far bygde storfjøs i 2008, tre byggjetrin og det vart temmeleg høg gjeld og mykje forsaking.
Det er plass til 400 sauer der og eg planlegg mot det talet.
I gamlefjøset har vi no om lag 50 vinterfôra dyr. Det er gjennom eigen produksjon at vi har auka til det talet. No i april/mai er det tida for lamming og knappe 30 skal lamme. Far og eg har 8 timar-vakter og det går på ei skiftordning.
Eg satsar på sau og held meg til sau og berre det, mest for å unngå sjukdomar. Eg har kjøpt inn fire vêrar og slik bygt opp kvaliteten etter kvart. No vert det å levere til Tind frå hausten av og skal levere heilt opp til 200 lam og sauer.
Det er stor etterspurnad. Tind har vore svært nøgde og eg får god pris òg!

Skøytet på garden står på far førebels, men i løpet av året vonar eg å ta over. Far vert 62 år i september. Eg har all drifta og betalar leige til far. Alt lausøyre står i mitt namn.

Kulturlandskapet
– Eg går inn for halde kulturlandskapet i hevd. Eg slår alt eg kjem over! – også inn i skogen.
På den måten held eg kulturlandskapet i hevd. Skogen veks ikkje inn på bøane mine.
Eg slår med to-hjuls slåmaskin, nyttar rive og høygaffel – mykje likt som i ’gamle dagar’. Eg trur eg er åleine om det, skjemtar Karl Petter!
Eg nyttar no likevel òg moderne utstyr og har traktor, slåmaskin og rundballpresse til hjelp.
Eg slår også oppe i Flydalen i Geiranger. Eg fekk skryt der for fint arbeid. Det trengs eit mål per sau, så all slått er velkomen.

Karl Peter deltok på landbruksmøtet i Geiranger nyleg. Ein planlegg eit storfjøs for om lag 400 sauer. Eg sa meg viljug til å vere med i nemnda, men berre som rådgjevar om eg kunne bidra med dei røynsler eg sit inne med. Det er viktig å halde kulturlandskapet i hevd og i Geiranger har ein sett at det er naudsynt, ikkje minst med tanke på turismen.

Attåtnæring – og fleire yrke på ‘si’
– Eg driv noko turisme som attåtnæring og har 5 utleigehytter. Det er mest tyskarar som leiger. Gjestane får òg tilbod om fiske i fjorden og eg har 9 utleigebåtar. Eg sel agn og då leiger dei gjerne frå ei til 3 veker. Mange av gjestene kjem att. Viktig med eit godt forhold. Eit eldre tysk ektepar lærte meg mykje tysk, så etter kvart snakkar eg mest flytande!
Bestemor Astrid dreiv ein liten turistkiosk, serverte is og brus i si tid og det var reine suksessen!
– Eg er fast tilsett i Posten, men køyrer ut post mest om vinteren – her i kommunen og om laurdagar òg til Geiranger. Det er bra løn i Posten.
Så har eg litt løn som brannmann i kommunen.

Unesco verdsarvområde – driftsstønad
Eg får ein viss stønad, då eg driv i sjølve miljøområdet og får tilskot til drifta. Beiteområdet ligg i Unesco sitt verdsarvområde, men det gjev ikkje fullt utbyte så lenge driftsbygningen ligg utanfor. For sauen i verdsarvområdet får ein kr. 750.-, men eg får difor ikkje verdsarvpengar og må vere nøgd med kr. 250.-.

Til seters i verdsarvområdet!
– Det er vårslepp! Eg opnar opp grinda. Då veit sauene vegen og stryk av garde i retning mot setra!
Setra ligg på 480m høgd. Der oppe i brattlendet går dei fritt i sommarhalvåret på næringsrikt beite, urter og ‘godsaker’! Eg har slikkesteinar, og sjølvsagt ser eg etter dei. Sauene trekkjer vidare bratt opp i fjellet mot Skårane.
Det kjem ned att før snøen. Dei vert henta i slutten av august.

Rovdyr – og ei revemamma!
– Vi er ikkje mykje plaga av rovdyr. Jerv veit eg ikkje om dei siste 4-5 åra. Det har vore store tap likevel. Eg har mista opp mot 30-40 lam og sauer somme år.

Sist år mangla berre 5 lam. Det er sjølvsagt fem for mykje, men likevel bra. Vanskeleg å seie kvifor det varierer, tett skog og ein kan ikkje vere over alt.
Elles prøver eg å gjere lamma sterke, ‘herdar’ dei her på garden, gjere dei klare for sommaren, så dei kan tole ‘ein støyt’.
– Eine sommaren fekk vi besøk av ei revemor med ungar. Ho låg på marka og såg korleis reveungar og lam leikte seg om kvarandre! Reven var ikkje på nokon måte til trugsel for lamma!

Ørna klarar fint å ta lam, men det har eg ikkje sett. Skjora har og ein ‘teknikk’, dei hakkar ut augo på dyra –og når dei ikkje ser, er blinde, klarar dei seg ikkje .. Dette har eg høyrt sagt, men ikkje sett.

Politisk interessert
– Eg er ikkje nokon teoretikar, seier Karl Petter, men eg deltek gjerne i fag- og samfunnsdebattar og skriv litt. Det vert òg meir og meir papirarbeid i gardsdrifta, men det kan handsamast. Eg fører det meste av rekneskapen sjølv med bilag og tal, men må ha litt hjelp i sluttfasen.
Karl Petter kan tenkje seg ei politisk rolle som lokalpolitikar for Senterpartiet. Han har ein tanke om dei nye kommunegrensene, når det no snakkast så mykje om det.
– Eg trur at med ein tunnel frå Oplendskedal i Geiranger til Strynefjellsvegen vert sambandet mot Nordfjord enklare og ein kan lett tenkje seg ei samanslåing med til dømes Stryn og Hornindal.
– Eg gjer meg òg nokre tankar om korleis ei bru over Norddalsfjorden kan utløyse nye prosjekt, men eg er ikkje serleg positiv til ein dyr idrettshall i Valldal.
– Ein veit at som regel sprekk budsjettet.
– Og ikkje vart det løyvingar på oss her i Eidsdal, då idrettsbana her var bygt. Kommunen er eigar, men ikkje mykje dei bidrog med. Det vart mest sponsing, kronerulling og spleiselag!

Framtida – familie og trivsel
– Eg er så heldig å ha møtt ei kjekk jente, Eline. Ho er 25 år og går på Høgskulen i Ålesund og skal bli sjukepleiar. Ho har allereie fått jobb på aldersheimen i Stordal. Eg vonar ho vil busetje seg her, men det vert ein del pendling.
– Vi ynskjer å ha ei framtid i lag og vi vonar på småfolk som ein gong kan og vil ta over.
Karl Petter kan ikkje tenkje seg noko anna framtid enn det å vere ein familie.

– Eg driv garden så godt eg kan. Dyra skal ha det godt og her er eit godt driftsgrunnlag.
Og eg prøver å drive god marknadsføring for turistane og likar godt å ha dei her. Eg trur òg dei trivst godt her hos oss. Trivsel er bra for både menneske og dyr!

Arild Flydal

karlpetter2@gmail.com
tlf. 99366567
Tind spekevarer