Kristian Indreeide

Gnr. 73 bnr. 6, Eidsdal

Intervju 05.10.11 med Kristian Indreeide (24 år).

Kristian Indreeide og Toregarden

Kristian Indreeide tok over Toregarden i Eidsdal ved nyttårsleite i 2010.
Garden ligg sentralt i Eidsdal, men ligg likevel landleg til.
Tvers over elva ser vi sauene beite på leigd mark.
– Folk synest det er positivt, seier Kristian. Dei set pris på at vi held kulturlandskapet ved like. Før gjekk det ikkje dyr der borte. For to år sidan i 2009 la naboen òg ned gardsdrifta der på andre side av elva. Då grodde det fort att. Det hadde heller ikkje gått dyr der dei siste10 åra.
Sauene ‘tok nedåt’ temmeleg fort, ler Kristian.
– No er det berre to gardsbruk her nede, seier han.

Kombinasjonsbruk

Kristian er 24 år og har ein bror og ei syster. Ein får straks inntrykk av ein positiv ungdom.
Kristian var avløysar i 2007, då vi besøkte garden den gongen. Han heldt fram med dette arbeidet til hausten 2011 og er trass i ung alder allereie ein røynd gardbrukar.
På gardssida av elva stig lendet bratt opp fjellsida til Storåsen. Sauene som beiter opp mot skogkanten gjev ei fredfull, heimleg stemning.
– Eg byggjer ut. No vert det nytt sauefjøs. Eg har om lag 90 vinterfôra sauer no, men eg vil auke på til 200 dyr.
Attåtnæring som snøbrøyting og arbeid i Eidsdal Bygdeservice hjelper på. Det er ekstraarbeid som rydding av skog og kratt, køyring av møk og anna arbeid, slik kunden vil ha det.
– Eg er friviljug brannmann og er med i hjelpekorpset, Raudekrossen i Eidsdal og Norddal. Det trivs eg med og eg skal greie meg godt med kombinasjonen sauehald og ekstraarbeid.

Stabburet og utdanning: ikkje tid til familie!

– Vi pussar opp stabburet, smiler Kristian og då vil far flytte opp dit.
Kristian har ikkje familie enno.
– Nei, det har eg ikkje hatt tid til, ler han. – Det vart skulegong på Gjermundnes, vidaregåande skule innanfor landbruk. Det var 4 års utdanning, 3 år for agronom, og så eitt år vidareutdanning som gav studiekompetanse, dersom det ein gong skulle bli aktuelt.
Eg jobba som avløysar i 5 år der og prøvde meg allereie som 16 åring.
Etter skuletid på Gjermundnes tok eg meg arbeid med dyr. Det var mjølking av kyr på skulen og andre plassar. Det var fast arbeid i helga.


Røykstova

Kristian tek meg med inn i sjølvaste røykstova i det romslege våningshuset.
– Bestefar overtok i 1921 etter slektsfolk. Han heitte Martin og bestemor mi Gyda. Dei var 5 søsken og far min var yngst. Oldeforeldra mine kom frå Indreeide oppe ved Eidsvatnet.
Det er mykje historie tufta i røykstova.

Rasfare – ’bevare Huus og Hjem’

– Garden vart flytta hit i 1900. Han stod opphavleg på dei såkalla ’Andersrørne’, nærare sjøen, men var utsett for kampestein og steinras. Så difor står det her på takbjelken som òg vart med på flyttinga:
‘Gud være herinde med Mand og Quinde og bevare Huus og Hjem fra aljkjens fare Knus og Klem’.

Dyrehald

– Vi har seter på Storåsen. Vi hadde kyr til 1997 og ammedyr til 2003. Bestefar hadde nokre geit som gjekk framme på Indreeide. Garden her er eit såkalla heilbruk.

Kulturlandskapet

– Det går ille med kulturlandskapet. Det er ei oppgåve for kvar og ein å halde det i hevd, elles gror det att og då vert det ikkje mykje å sjå, dersom det t.d. skal satsast på turisme.

Godt beite – E-lam

Ein kan kombinere sauehald med andre jobbar. Sauene er fleksible på fôring, men ein kan ikkje leve av det åleine. Far hadde noko lite med beiteareal. No har vi meir. Vårbeitet må vere rikeleg. Eg har beiterett på Storåsen, men då må eg dele med andre og arealet vert for lite.
– Nei, seier Kristian, eg må ha dyra opp i høgda. Heilt opp i Kallskaret, 900m.o.h. Det er mykje betre beite opp over skoggrensa. Det ser eg på lamma. Dei legg på seg ein 5-6 kg ekstra pr. dyr. Då vert det betre resultat! Siste åra har vi hatt såkalla E-lam. Det er ypperste kvalitet. Du kan få 1400 kr. for eit lam. Det gjev om lag 1000.- netto. Då vert det lønsamt å drive gard.
Vi fôrar ikkje på lamma, men dei må passast på. Lamming og nattevaking høyrer også med, men det går bra. Eg har fått noko røynsle og har vel teke imot 2000 lam i alt og også 200 kalvar.

Framtida

Det er økonomien som avgjer drifta vidare. Det er triveleg å vere saman med dyr. Eg har dyra i høgda. Eg ser det på vekta. Gjer eg ikkje dette, så får eg ikkje den prisen eg ynskjer. Vi driv dei opp Kallskaret. Svære vidder, dyra får rørsle. Det gjer kjøtet betre. Sauen beitar i skredene, der det har gått fonner. Der er det friskt og nytt gras, musøyre (blada dei et); det er fin mat.
Eg leverer til slakteriet i Førde. Eg tykkjer att tiltaket til Tind er bra. Det fører til optimisme og ein blir meir stimulert til eit godt produkt. Første året vi leverte, kom eit lam frå oss heilt til Drammen!
Det var kjentfolk, ja folk frå nabogarden som kjøpte kjøtproduktet. Vi fekk tilbakemelding. Det var kjekt. Dei var vel nøgde med smaken!

Arild Flydal

Tlf. 90910701 (Kristian) E-post: kristian_indreeide@hotmail.com