Leidulf Tajford

Leidulf Tafjord

Gnr. 72, bnr. 1 i Norddal

Intervju 31.08.07 med Inger Johanne og Leidulf Tafjord
Ytste Kilsti – gnr. 72, bnr. 1. i Eidsdal

Eg møter Inger Johanne og Leidulf Tafjord på garden ’ytste Kilsti’ i Eidsdal, gnr. 72, bnr. 1.
Garden ligg høgt og fritt, 425 høgdemeter over sentrum i Eidsdal, men sjøvegen er 9 km lang opp fjellet. Her er også ein kortare sjøveg, rett ned berget som òg heiter ”Berje” (Berget). Ikkje rart at ei tyding av namnet Kilsti er ”Geitastien”.
Det er ein makelaus utsikt over Norddalsfjorden, Linge, Valldal og Norddalsbukta. Rett under oss, langt der nede ligg ferjekaia. Garden må reknast som ein fjellgard og ligg ytst ute av Kilstigardane.

Verdsarvgrensa:
Geirangerfjorden med områda rundt, til liks med Nærøyfjorden enda for to år sidan opp på UNESCO si verdsarvliste for unike kulturlandskap i verda.
– Ja, verdsarvgrensa for området går like ovanfor garden. Gardsbygningane ligg utanfor, men fjellvatnet der oppe og alt fjellbeitet ligg innafor i ”Unesco-området”, seier Leidulf Tafjord.
Det er siste augustdagen i 2007, men Kong vinter har allereie kome med eit bodskap: Fjella rundt er kvite av den første snøen og vegane over Trollstigen og Geirangerfjellet har allereie vore stengde.
– Ja, her har allereie vore nattefrost, noko som er uvanleg på denne tida, seier Leidulf.
– Eg var nest yngst i søskenflokken på sju. No er eg 58 år. For tida er eg ikkje ryggen heilt i form etter mykje slit. Eg får god hjelp av dei vaksne sønene mine. Dei har andre yrke, men kjem gjerne heim og hjelper til. Eg er heldig. Dei har vore med frå dei var små, er praktiske og har fått gode skulsmål på arbeidsplassane sine.
Telenor byggjer ut:
– Det ser ut som ein spindelvev, ler Leidulf, men alt skal ned i kabel.
Han har allereie grave ut grøft og fylt att for brannvarsling på garden.

Historikk
– Eg overtok i 1981 etter foreldra mine, Harald som døydde 89 år gamal og Edith, mor mi som døydde berre for ei veke sidan, også 89 år gamal. Ho var jordatausa på garden. Siste tida budde ho på eldrebustaden. Garden har vore i vår eige sidan 1886, då oldefar, Karl Elias kjøpte garden.
Oldemor Grete Jørgine kom frå Verpesdalen. Dei gifte seg i 1886 og flytte hit i 1902.
– Besteforeldra mine, Laura og Elias vart gift i 1915. Bestefars sat i tysk fangenskap under krigen. Tyskarane kom og henta han om natta. Tok han ned den bratte råsa. Han var ordførar og banksjef, men var nok ikkje særleg samarbeidsviljug.
Dei pakta òg ein gard på Rønneberg.
Garden var selt mange gonger, før han kom i vårt eige. Mange av dei tidlegare eigarane var barnlause.
På garden har dei 120 mjølkegeit og 50-60 sauer. Dei driv ikkje med kyr lenger, det var det slutt med rundt 1960.

Jordsmonn, beite:
Sauene går høgt til fjells, heilt inn til Skrenakken. Dei går fritt ute. Dei fer vide og utnyttar beitet svært godt. Geitene går ikkje så høgt, dei skal heim att til mjølking, men det er bra med geitehald. På Rønneberg gror det att etter at ein slutta med geit. Det likar ikkje storfeet og trekkjer ut her, her er det opnare.
Kjea kan gå høgt. Årsgamle geit som ikkje er mjølka har ekstra god smak. Vi har to svin. Dei får mykje plass og rørsle. Det gjer dei godt – dei vert ikkje så mykje fett.
Vi sankar ut på hausten. For mjølkegeitene er 10. okt. nokså fast, då kjem frosten. Sauene er ute til månadsskiftet oktober/november. Dei beitar då ned hoslåtten, den andre slåtten.

Profil på garden, det unike, spesielle tilhøve på garden:
– Akkurat her på garden er tidleg vår, seier Inger Johanne og Leidulf. Vi ligg om lag tre veker før grannegarden som har trekk frå vatnet. Så allereie tidleg i mai er dyra ute. Vi har sol heile året. Ho kjem tidleg opp ved Lingeåsen, allereie i fire – halv femtida om morgonen. Det betyr særs mykje for veksten.

Mattradisjoner:
– Vi har alltid laga spekekjøt. Vi har òg fått frå andre til tørk på grunn av den fine, tørre fjellufta.
Dotter vår Jannicke held på langtidsteikt geitekjøt. Dette kjøtet skal ikkje tørke så lenge, meiner ho.

Kvifor smakar kjøtet så godt her?
– Vi held på at det er fjellbeitet. Kan hende skulle lamma ha vore slakta straks dei kom ned frå fjellbeitet og ikkje gått på beite på heimebøen. Vi trur også at mangfaldet i fjellet, også dei ulike urteslaga, jordsmonnet gjev ein spesiell kvalitet.
Vi har tru på Tindproduktet: Konsistensen og mindre salt får fram smaken, Modningsprosessen er også viktig; det fører til mørt kjøtt. Kan hende mindre salt òg er ein mogeleg løyndom for den gode kvaliteten? – filosoferer dei.

Attåtnæring
Eldstedattera Jannicke (31 år) tek turistar frå cruiseskipa med inn i fjellområdet og inn til vatnet. Det er ein fin fjelltur.
Vi har lagt ut hyttefelt. Det er stor interesse og mykje turistar som kjem og spør etter hus eller overnatting. Dei får også slå opp telt. Stien inn i fjellet tek av før gardstunet; det vert mykje trafikk elles.
Vi trur på kvalitetssikring i landbriuket (KIL). Vi vil gjerne ta imot turistar, men med eit landbruk i ryggen. Det er eit bra pilotprosjekt.

Ei lita dramatisk historie:
– Ja, kabelbana går temmeleg loddrett nedover fjellsida. Då hende det seg at taubana med fulle mjølkespann slitna. Mor syntes det gjekk for fort, og ville bremse med parkeringsbremsa. Då stramma kabelen seg og heile lasset for til Bloksberg, ler Leidulf. Spanna var flatklemstra; ein fekk ikkje handa imellom!
Leidulf kan elles fortelje om dramatisk nedfiring av ungar for å hente opp dyr i fasteflå.

Kvifor driv dei garden i dag – er det arven, pliktkjensle?
– Det er mange ting. Arv heilt sikkert og ei viss pliktkjensle. Vi er sta. Klart vi er slitne. Vi trur på Unesco og at vi får ein ekstra økonomisk stønad til beiting. Turisme kan verte ei god attåtnæring. Ikkje minst for Jannicke (31 år) som er odelsjente. Vi vonar sjølvsagt at garden skal drivast vidare.