Lidenskap frontpage

Lidenskap for mat

Tind Spekevarer AS ligg omkransa av dei vakre Sunnmørsalpane. Her på Stranda starta Karl Ringstad produksjon av spekepølser allereie i 1884. Sidan den gongen har vi bygt opp eit av dei tyngste fagmiljøa i Noreg. Å lage god spekemat er eit handverk som krev lang erfaring, og vi er stolte av å føre denne arven vidare.

I 2006 fekk vi sjansen til å ta over fabrikken sjølve, og vi kunne sleppe laus all vår skaparglede og dyrke lidenskapen vår for mat. Inspirert av nye smaksretningar, ønska vi å lage spennande høgkvalitetsprodukt som folk kunne vere stolte av å servere. Vi håper du synest vi har klart det.