Marit Ronneberg

Marit Ronneberg

gnr. 59, bnr. 9, Norddal

Intervju 03.09.07 med Marit Rønneberg (44 år)
”Heimste Dunavollen”, gnr. 59, bnr. 9, Relling i Norddal

– Eg driv garden åleine og har 4 born. Eg er eineveldig eineherskar på småbruket, ler Marit Rønneberg.
Eg møter ei kvinne med godt humør og optimisme.
– Her er 32 mål dyrka mark, og beite på innmark og utmark.

Sauer – verdsarven – trivsel – beste pinnekjøtet
Eg har 40 vinterfôra sauer – det er nok det optimale ut frå fôr og beite. Dei går på heimebeite og sommarbeite i Dyrdalen og på Rellingsetra. Dyra går i verdsarvområdet.
Eg har ikkje andre dyr. Sauer er kjekke dyr å stelle og å ha i fjøset.
Eg er særs komfortabel med dette dyreslaget og eg kan kombinere med anna arbeid.
Eg kan ikkje tenkje meg å slutte, det vert for stussleg. I fjor fekk eg skryt for det beste pinnnekjøtet folk hadde smakt, så eg trur produktet er godt.
Eg har bestemt meg for å ha dyra. Det er ikkje berre det økonomiske.

Kulturlandskapet
– Eg ser det som ei oppgåve å slå og å halde bakkane og kulturlandskapet i hevd, både det som er dyrka no og det frå farne tider.
Vi slo meir før, men prisen då var lite ferie. No brukar eg to veker av ferien min til lamming og slått. Har dermed att tre veker ferie. Eg overtok garden med maskiner og husdyrhald etter Knut Rønneberg, onkel min. Han var 75 år gamal, då vi kom hit.
Før har det vore både mjølke-, jorbær-, frukt- og grønsakproduksjon på garden.

Oldemor – besteforeldra og fruktpressa
– Det er 100 år sidan oldemor kom hit. Ho vart født på ein gard lenger framme.
Bestefar Peder,som var både murer og snekkar, har sjølv mura løa på garden, og for meg er den difor spesiell.
Bygda har sams fruktpresse med tilgang for alle. Vi presser framleis nedfallsfrukt til eplesaft.
Bestemor Lovise var vidgjeten for den gode eplevinen ho laga, også plomme- og pærevin. Dei bryggja òg øl og held på tradisjonane. Bestemor var òg kjend for heimebaksten sin.
Det var skule her før og skuleborna fekk kome inn på kjøkenet til Lovise for å få kakao og kveitebakst! Det var mykje meir heimelaga mat før. Ein slakta heime og brukte alt; blodmat og hengde opp og tørka kjøt.

Heimgarden
Det er heimgarden til far min, men sjølv budde eg her berre ein kort periode i oppveksten ellers vart det på feriebesøk.
Far har budd her stort sett heile tida, og har drive både med sandtak og turisme.

Framtida
– Eg vil halde på so lenge det er kjekt, og let seg kombinere med jobb utanom.
Meiningsfullt både å vere heimearbeidande og ha arbeid ute i eit fellesskap.
På den måten får ein nyte godt av godene begge stader.