Martin Nystad

Martin Nystad

Gnr. 54 bnr. 4, Norddal

Intervju 28.09.07 med Ingvild og Martin Nystad,
Hatlestadgjerdet, Gnr. 54 bnr. 4, Norddal,

På det brattlendte bruket, Hatlestadgjerdet, 300 høgdemeter over Norddalsfjorden møter eg Ingvild Nystad. Vi sit i det gamle kårhuset på Nystad.
– Oldefar til Martin byrja å kalle det Nystad og dei som budde her flytta til Amerika.

Blokktrykkekunst og ølbrygging – og gjestar
”Ølbryggar Martin – blokktrykkar Ingvild på fjellgarden Gjæra i Storfjorden” les eg på eit kort eg får av Ingvild. Ingvild syner meg blokktrykk-blokker som stammar frå han ”Fargar-Iver” (Ivar Severinsson Tafjord, 1855-1929).
Han hadde lært mykje om farging av ty av søstera si, Inger Marta, men reiste til Ålesund og Austlandet for å lære meir. Han sette i gang ei stampe og eit fargeri i Dalsbygda kring 1890. Folk frå heile Sunnmøre kom hit for å få trykt roser på ullstoffa.
– Slike blokker har eg elles sett berre på museum, seier Ingvild. Det er eit utdøydd yrke og i dag lite kunnskap om yrket. Ivar skar ut ornament i tre, fekk farge på, og trykte så mønstra på tyet. Ingvild har óg lært seg kunsten og fått mykje hjelp av svigermor si, Anne Marie Nystad.
Anne Marie er kjend frå ein Norge Rundt-reportasje. Ho køyrer ned til bygda i rasande fart på rattkjelke! Vi får mykje god hjelp av henne.
Ja, også når det gjeld ølbrygging har Nystad-folket vore på fjernsynet.
Martin driv bryggjekjellar med maltøl på gamlemåten. Det er ein tradisjon på garden.
Vi tek imot grupper med gjestar her og då vert dei med bort i kjellaren og vi forklarar kunsten.
Dei får smake på kornølet, på spekekjøt og flatbrød.
Vi bakar sjølv, men kjøper flatbrød på Holt gardsmat i Stordalen – slik at vi held oss innafor mattilsynet. Spekekjøtet lagar vi sjølve, men no vil vi gå over til Tind.

Verksemder
Garden er slik ei fullgod verksemd som Martin og Ingvild driv saman. Martin har budd fleire år vekke, utdanna seg og jobba innanfor snikkarfaget. Etter at han kom heim, har han stort sett restaurert freda og verneverdige bygg i regionen.
Martin kallar verksemda ”Nystad bygg og brygg”! – og skjemtar med at han bryggjer med vatn frå verdsarvområdet! For Martin er det vekependling til ulike oppdrag.
Ingvild har utdanning i kulturarbeid på Høgskulen i Telemark bl.a. folkekunst og gjekk på line for kulturarbeid. Ho har også norsk som fag.
Ingvild lagar flotte pelssau-produkt med trykk på baksida, etter mønster av ”Farge-Iver”.
Det er ei nyskaping og ho kallar verksemda si ”Eit handtrykk frå Norddal”.
Martin ville ikkje ha drive garden åleine – så slik heng alt i hop. Dei to plar seie på skjemt at dei er ’verneverdige’!
Vi har samla 13 små verksemder som nyttar lokale råvarer og ressursar, og kallar oss The Happy End. Det er stor oppslutnad blant bygdefolket. Vi hjelper kvarandre og slik vonar vi det skal bli bra utvikling i bygda.

Sauehald
Vi har 40-50 vinterfôra sauer og 3 høner! smiler Ingvild. Det er gamalnorsk spelsau. Vi driv økologisk. Det er meir tungvint, men vi tykkjer det er ein god idé.
Så driv vi på gamlemåten og med handemakt i slåtten. Vi brukar berre høy og litt silo til fôr. Sauene beitar vår og haust på innmarka slik som før,
Gammalnorsk spelsau beitar godt, held kulturlandskapet i hevd – betre enn andre saueraser, meiner dei. Dei et meir renningar og dei lammar lettare. Det vert godt kjøt og feittet vert marmorert inn i kjøtet.
Vi har sein lamming. Då slepp dei å stå lenge inne før det blir grønt.
Så fer dei til fjells og beitar i verdsarvområdet.
Vi driv eit bruk nede i bygda og får ekstra fôr derifrå.

Livsstil og idealisme
Vi satsar på å halde kunnskapen om lokal mat i hevd. Spekekjøtet vårt fell i god smak, og har ein heimesmak slik det smakte før. Det har vore ein ubroten tradisjon her på garden og mor til Martin, Anne Marie klatrar opp på verkstadtaket til den lange skorsteinen. Der har ho eiga kasse for å røykje mør. Mannen hennar, Gjerde-Olav er død no, men han heldt på tradisjonen. Han bryggja og snikra.
Vi vil gjerne vise fram kva vi driv med – eit museum utan publikum har ikkje så stor verdi. Vi tek gjestar heile året og dei får smake på spekekjøtet, kornølet og kunnskapen om brygging og trykking. Barn og ungdom får prøve seg på gardslivet. Det er eit prosjekt. Økologisk kjøt og gammalnorsk spelsau – det er ikkje mykje i Norge av den kombinasjonen. Den gammalnorske spelsauen var ei utdøyande rase, men ho kjem no og vi er med og prøver å berge rasa. Det er kjekt, men det kan bli for mykje. Det kjem seg og med kulturlandskapstøtte, men vi ynskjer meir sidan vi driv så brattlendt.
Vi ynskje å halde ved like. Dersom vi sluttar, kjem ingen og slår for her er for bratt. Det er mykje idealisme. Vi må ha arbeid ved sidan av for å drive garden.

Framtida
Vi vonar å få drive med trykking, brygging, halde kulturlandskapet i hevd og at folk kan sette pris på det og at vi får att litt økonomisk. Vi vil ta imot gjestar, men kallar det ikkje turisme. Turisme får ofte eit litt negativt innhald, tykkjer dei to.
Vi har 3 jenter og 1 gut, frå 3-til 8 år. Her er bra å vekse opp for ungar. Så vil dei vel ta utdanning.