OM TIND

Tind Spekevarer AS ligg omkransa av dei vakre Sunnmørsalpane. Karl Ringstad starta med produksjon av spekepølser på Stranda allereie i 1884. Sidan den gong har vi bygd på eit av dei tyngste fagmiljøa i Noreg. Å lage god spekemat er eit handverk som krev lang erfaring, og vi er stolte av å føre denne arven vidare. I 2006 fekk vi moglegheita til å ta over fabrikken sjølv, og vi kunne sleppe laus all vår skaparglede og dyrke lidenskapen for god mat. Inspirert av nye smaksretningar ønskte vi å lage spanande høgkvalitetsprodukt som folk kunne vere stolte av å servere. Dette håper vi at du synest vi har lukkast med!

 

DET SÆREIGNE MED TIND-PRODUKTA

Rettesnora vår når vi lagar spekemat er å bruke så lite salt som mogleg. Dette er fordi vi ønskjer å få fram alle dei aromatiske smakane i produkta våre. Vi ønskjer å la kjøtsmaken, krydderet, urtene og modninga få lov til å vere framståande, og saman danne eit spanande og harmonisk smaksbilete. Dette har resultert i et variert utval av eigenutvikla produkt. Smakane spenn frå det norske til det meir sydlandske.

 

SERVERINGSTIPS

Det fine med spekemat er at det kan serverast og nytast i mange samanhengar. Det smakar nydeleg saman med god drikke, som ein liten velkomstrett eller som snacks. Spekematen dannar eit naturleg midtpunkt i eit smårettmåltid, anten saman med spanande tilbehør frå middelhavslanda eller saman med norske spesialitetar. Vi synest også at spekematen vår passar godt til varme retter. Kva med å drysse bitar av spekepølse over ein bakt eller grilla torskefilet, eller å legge tynne skiver på toppen av ein heimelaga pizza?

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *