OM TIND

Tind Spekevarer AS ligg omkransa av dei vakre Sunnmørsalpane. Karl Ringstad starta med produksjon av spekepølser på Stranda allereie i 1884. Sidan den gong har vi bygd på eit av dei tyngste fagmiljøa i Noreg. Å lage god spekemat er eit handverk som krev lang erfaring, og vi er stolte av å føre denne arven vidare. I 2006 fekk vi moglegheita til å ta over fabrikken sjølv, og vi kunne sleppe laus all vår skaparglede og dyrke lidenskapen for god mat. Inspirert av nye smaksretningar ønskte vi å lage spanande høgkvalitetsprodukt som folk kunne vere stolte av å servere. Dette håper vi at du synest vi har lukkast med!

 

DET SÆREIGNE MED TIND-PRODUKTA

Rettesnora vår når vi lagar spekemat er å bruke så lite salt som mogleg. Dette er fordi vi ønskjer å få fram alle dei aromatiske smakane i produkta våre. Vi ønskjer å la kjøtsmaken, krydderet, urtene og modninga få lov til å vere framståande, og saman danne eit spanande og harmonisk smaksbilete. Dette har resultert i et variert utval av eigenutvikla produkt. Smakane spenn frå det norske til det meir sydlandske.

 

SERVERINGSTIPS

Det fine med spekemat er at det kan serverast og nytast i mange samanhengar. Det smakar nydeleg saman med god drikke, som ein liten velkomstrett eller som snacks. Spekematen dannar eit naturleg midtpunkt i eit smårettmåltid, anten saman med spanande tilbehør frå middelhavslanda eller saman med norske spesialitetar. Vi synest også at spekematen vår passar godt til varme retter. Kva med å drysse bitar av spekepølse over ein bakt eller grilla torskefilet, eller å legge tynne skiver på toppen av ein heimelaga pizza?

About Us Feature Image

VÅRE VERDIAR

TRADISJON FOR GODT HANDVERK Smak korleis vi har fornya dei rike spekemat-tradisjonane frå Sunnmørsalpane. BALANSERT SMAK Mindre salt, meir krydder og urter. GOD TID Det tek lang tid å utvikle den gode spekesmaken. TIND Fordi vi siktar høgt for kvalitet og smak, og fordi det seier noko om den ville og vakre naturen der vi kjem frå. Vi har århundre gamle tradisjonar for speking, men har fornya dei.

KONTAKT

Hei! Send oss en melding så svarer vi deg så fort vi kan!

 

Bottom Oppskrifter Images