Oystein Klempe

Øystein Klempe

Gnr. 54, bnr. 3, Norddal

Intervju 06.09.07 med Øystein Klempe
Hatlestad, ”Jo-garden”, gnr. 54, bnr. 3, Norddal

Garden
Garden Hatlestad (utt. ”hall´sta”) ligg høgt opp mot reset mellom Norddal og Eidsdal, 400 m.o.h. og med ei veglengd på 6 km til sjøen. Hatlestadsetra ligg rett ovanfor garden.
– Hatlestad er eit vikingtidsnamn på gardsområdet, seier Øystein Klempe, eller Jo-garden meir spesifikt på dette bruket etter Jon Olsen Kleiven, år 1870. Han var den første sjølveigaren. Før det var det lokalt kyrkjegods som igjen kan tyde på at det kan vere ei gåve frå ein stormann til kyrkja. Dei gamle leiglendingsslektene døydde ut. Etter Jon var det tre generasjonar og nokre eigarskifte, før vi kjøpte det i 1985. No har eg odel.
Eg er leiar i Norddal bonde- og småbrukarlag. Er agronom, men har og anna fagleg utdanning og jobbar i Molde kommune som reguleringsarkitekt. Eg pendlar 4 dagar i veka.
Øystein fortel at han er oppe kl 5 for å ta fjøset, så ferje i sekstida. Onsdag er det heimekontor.

Klyngetun
Tunet er eit klyngetun og ligg om lag 400 høgdemeter over Norddalsfjorden.
– Det er høgt til fjells, seier Øystein, men lokalklimaet er mykje betre enn det høgda skulle tilseie. I klyngetunet er det tre bruk og dette var Jo-garden. Det er fleire gamle hus i tunet og kulturminne frå gamal busetnad, m.a. ei grindløe frå før 1820, men eg er no i ferd med å byggje ei ny. Har investert mykje, eg prøver å halde ved lag den gamle stilen. Det skal sjå sunnmørsk ut.

Dyrehald. Gaupe – eit problem
Før dreiv ein med alle dyreslag på gardane.
No har vi berre sau, 60 vinterfôra sau, totalt har vi då med lam ca. 140. Gaupa er blitt eit problem. Dei var her ikkje før og dei har kome i følgje med rådyra. Slik er det også i Valldalområdet. Gaupa tek helst store dyr. Ho tek ikkje dei som spring, men berre dei som vil forsvare seg.

Det høgaste og villaste landskapet i verdsarvområdet. Godt fjellbeite
– Eg er svært oppteken av dette landskapet. Ein del av gardsområdet og fjellbeitet ligg innafor verdsarvområdet. Dette landskapet er spesielt særprega for verdsarvområdet, frå Skårene til Torvløysa finn du dei mest særmerkte fjella innafor området, dei høgaste og villaste – og isbreane ved Skårene og ein ved Dyrdalen.
– Det er eit veldig godt beite i desse områda. Dyra går på skogsbeite i byrjinga, så går dei opp i fjellbeitene. Dei kjem ned med snøen. Dei finn normalt vegen sjølve.

Setra
Vi har ei seter: Hallstadsetra, som ein uttaler slik og som folk seier.
Setreråsa er intakt og er ein idyll. Sauene går i området, men setra er ikkje i bruk no.

Det gode beitet – den gode smaken
Høgda og beitetilhøva gjev utslag på smaken. Det er godt beite i fjellet og i skreda oppunder hamrane. Utmarka har ein naturleg samanheng med verdsarvområdet. Og der går beitedyra våre.
Vi prøver å få dei så høgt opp som mogeleg. Der er det plass og der er det godt beite.
Vi leverer så tidleg som mogeleg, etter at sauene kjem ned frå fjellet.

Jordsmonnet – vêrlaget
– ”Meget dyrkende jord”, sa ein prest på 1800-talet om det han såg vinterstid. I mellomkrigstida var det ikkje skog her, men no veks det til.
Det har vore ein ettertrakta gard. Frå gamal tid har dette vore ein god korngard med god tørk (tærre) for både høy og korn. Difor hadde garden 4.benken i kyrkja, det var inntil 1899. Jorda er godt egna for potet (sandig morene).
Bruket ligg høgt til og det er bratt lende, men her er ikkje rasfare. Derimot kan det vere farlege vindretningar. Det er vel difor ein har bygt slik: Det eine huset skjermar det andre. Det går kaldluftsrenner på begge sider, så er det mildare i midten. Difor står også husa samla.

Framtida
– Det er berre eg som driv her på tunet.
Elles er det drift i Gjærda. Mykje ressursar er knytt til bruket. Vi ser eit potensiale for vidare drift, for skogbruk og husdyrhald. Eg har søner som er interessert i jordbruket. Pål Inge, er 22 år. Aslak er 15 år. Dei er begge aktivt med i arbeidet og dei trives med det.
Begge generasjonane ser framover, når det gjeld drift. Vi ser det mogelege i området.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

five × two =