Roar Saether

Roar Sæther

Gnr. 54,bnr. 1,2 og 3, Geiranger & Gnr. 66 bnr. 4, Eidsdal

Intervju 31.08.07 med Roar Sæther,
Møll, Gnr. 54, Bnr. 1, 2, 3, Geiranger, og Jørgengarden Gnr. 66, Bnr 4, Eidsdal.

– Eg byrja med geit og sauer her på Møll i 1995, seier Roar Sæther (45år).
Eg møter Roar ved den store geitfjøsen oppe i Ørnevegen i Geiranger.

Verdsarvområdet
Vi ser rett ned på ”perla av dei norske fjordane”, Geirangerfjorden. Vi er midt inne i verdsarvområdet og kulturlandskapet som UNESCO har peika ut på lik line med Den kinesiske muren, Galapagos-øyane, Vatikanstaten og fleire.
Garden Møll ligg brattlendt til, 200 m.o.h., men det er grøderik jord. Matriklar fortel om drift tilbake på 1600-talet, men truleg er garden eldre, heilt tilbake til middelalderen og er i dag freda. Særleg er klyngetunet, dei tettbygde husa eit særsyn.

Dyrehaldet
I fjøsen har eg 60 vinterfôra sauer og 122 mjølkegeit. – det vert påsett 50 kje kvart år.
Før eg kom hit hadde eg aldri teke bort i ei geit, men det er greie dyr.
Geita trivst best inne, vil helst ha maten stappa i seg! ler Roar.

Sauene
Det er dei tre på Møll som eig fjøsen og eg har forpakta garden. Sauene mine beiter nede på Grande ved Geirangerfjorden frå april, så driv eg dei oppetter vegen opp i Gråsteinsdalen og opp i fjellet. Normalt går dei der frå ca. 20. juni, men i år så seint som frå juli. I morgon er det 1.september, då skal sauene drivast ned att, mot normalt 20. sept.

Jerv
No har dei sett jerv i fjellet der oppe og då er det på tide å ta sauene ned. Eg har sett jerv mange gonger. Når han først startar opp, tek han alt. Han vart sett av sauene, men dei var ikkje redde. Han lèt dei gå. Han gjer seg tydelegvis kjent, slik at dei ikkje skal ane uråd, før han slår til.

Framtida
Eg veit ikkje mykje om framtida, kor lenge eg kan drive geitfjøsen. Eg har arbeidsplassen min i eit vakkert landskap, men har ein lang arbeidsveg, 14 km ein veg. Vi bur på Skuset og må over fjellet til Geiranger på jobb. Sambuaren min, Tone, har arbeid på Union hotell og må køyre 20 km ein veg. Eg ottast alltid, når sambuaren min skal på arbeid i Geiranger og det er fonnfare.
Ein gong var eg heldig. Eg var ferdig med fjøsen og drog heimatt. Storfonna på Korsmyra gjekk to timar seinare!
– Eg må sjå etter dyra og må også fare over fjellet i dårleg vêr. Ein par gonger, når vegen har vore stengt, har eg brukt snøscooter. Då har eg fått kjeft frå Vegvesenet! – men eg må til dyra mine.
Kor lenge eg kjem til å halde på er uvist. Det er mykje arbeid, så timelønna vert ikkje den heilt store.
Vi bur på Skuset, sonen vår har flytta til Molde og trivs godt der, han kjem nok aldri attende og blir buande på garden.
Vi tek eit år i gongen. Vi er begge frå Todalen; det er der heimane våre er.

Tind
– Eg kom i kontakt med Tind for 2 år sidan og eg leverer slakt til Ringdal på Hellesylt. Dei leverer så til Tind. Der får eg betre betalt enn elles.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *