Arild_Ljungberg

Arild Ljungberg

Gnr. 63, bnr. 3,6,7 – Eidsdal

Intervju med Arild Ljungberg og Marilyn Lie
Haugen, Gnr. 63, bnr. 3,6,7, Eidsdal.

Garden ligg omlag 450 m.o.h. på Årset ved Eidsvatnet. Gnr. 63, bnr. 3,6,7 og kallast Haugen.
Eigar er Kjell Rødal. Kjell er busett på Ski på Austlandet og han flytta dit for 35 år sidan. Kjell overtok garden etter bror sin, Øystein. Det har vore fleire forpaktarar på garden, etter at Øystein døydde i 1991.

Arild Ljungberg (34 år)og sambuar Marilyn Lie (32), har dei siste åra forpakta og drive garden. Dei er frå Sarpsborg. Eg tenkjer: To staselege ungdomar!
– Ja, ja, smiler Marilyn. Arild har drive i dei seks siste åra og eg i lag med han dei tre siste.
Eg har lagt merke til eit par hestar på heimebøen.
– Vi har 2 hestar, seier Marilyn, travhestar. Ein er åring og den andre 16 år. Det vert mest lokal køyring, og ikkje konkurranse. Det er mest ein hobby.
Marilyn er avløysarar på andre gardar.
Eg har jordbrukskule og husdyrfag på Ås, men er ikkje heilt ferdig.
Arild er agroteknikar i husdyrbruk (Modum, Buskerud), før det tok han agronomskule i 3 år.

– Eg jobba på Kalnes jordbrukskule i 2 år, i storfefjøset og eg har forpakta gard i Hemsedal i 3 år. Eg veit ikkje kor lenge eg vert her, iallfall i 2 år til. .

Dyrehaldet
Her er no 36 kyr, 12 mjølkekyr og ei mjølkekvote på 85000 liter i året. Vi er blant de minste i bygda, smiler Arild.
Vi får ca. Kr. 3.90 pr liter. Vi mjølkar i sommarhalvåret. Det er av mjølkekvota vi lever. Vi slaktar 7-8 oksar i året.
Vi har 26 sauer, 8 søyer med lam og skal ha litt fleire i vinter. Så det vert ein del spekemat, seier Arild. Sauehaldet er difor mest ein hobby.
– Og så har vi tre geitebukkar, seier Marilyn med ein smil. Dei er mest til ryddehjelp. Held busker og kratt nede. Dei er særs effektive.

Landskap og trivsel – verdsarvområde
– Det er mykje hardt arbeid og god trivsel, men vi får lite att. Det er få fridagar. Vi må ha eit levande landskap. Dersom ikkje landskapet vert beita ned, gror det att. På beitet der geitene no går, var det ikkje eit bjørketre for 6 år sidan. Det same gjeld utmarka med – du kan ikkje gå der meir. Der det gror att vert det dårleg beite. Vi ligg midt inne i Unesco sitt verdsarvområde og då skyldar vi å ta vare på kulturlandskapet. Dyra våre beiter høgt til fjells, nettopp i dette området.
Jordsmonnet er prima, godt med fukt. Det held seg godt om sommaren. Det seier dei eldre her også.
Vi bryr oss om dyra. Vi følgjer dei godt opp. Vi har tid til dei, kvart enkelt, for dei er så få. Det vert det trivsel av og vi får det att på yting og vekst.
Her er kort vekstsesong, så økologisk jordbruk eignar seg ikkje så godt. Vi nyttar difor gjødsel.

Framtida – ei viss pessimisme
– Eg merkar at det er lite optimisme, seier Arild. Det er synd.
Mykje god kunnskap går tapt. Ingen vil overta. Ungdomen går på skule, så flyttar dei.
Eg har likevel ei god kjensle i arbeidet. Vi legg opp dagen slik vi vil. Her er frisk, god luft.
Interessa er viktig. Planen er å kjøpe noko eige ein gong, men her er det ikkje til sals.