Stein Ivar Krohn

Stein Ivar Krohn

Gnr 49 bnr 1, Norddal

Intervju 03.09.07 med Stein I. Krohn (48 år) og foreldra Anne (71) og Ivar Krohn (77),
”Dalebøen”, gnr. 49, bnr. 1, Dale, Norddal

Eg sit hos Anne (71) og Ivar Krohn (77). Sonen Stein som har teke over drifta er ikkje i bygda og eg må ta tak i han seinare. Garden ligg nede ved Norddalsfjorden, i sentrum av bygda.
Anne og Ivar sit inne med mykje kunnskap.

Litt om gardssoga på Dalssida
– Garden går tilbake til sokneprest Ludolf Krohn.
I 1777 kom desse gardane til auksjon og presten Ludolf Krohn kjøpte heile Dalssida.
Han var sokneprest i fleire år. Tok så med seg familien, og sonen Ivar til Luster. Ivar fann seg kone i Luster, Mette Marie Schielderup. Ludolf døydde der i Luster.
Sonen vart godt og rikt gift, kjem så tilbake til Norddal med ho Mette og dei fekk 7 born. Han fekk også eit åttande barn, etter å ha vorte gift på ny (1820).
Dei fekk då ein son, Ole som slo seg ned på den garden som i dag heiter Klokkargarden og han som driv der i dag heiter også Ole. Gardane låg i klyngetun.
– Eg vaks opp i gamlehuset her på garden. Vi bygde nytt i 1970.
– Vi har 4 born og eldstesonen Stein Ivar tok over for nokre år sidan, seier Anne. Vi hjelper til så godt vi kan, i fjøsen og steller litt. Fjøsen er frå 1930.
Det var naturleg at eg tok over i mi tid. Vi hadde post og telefon som ei attåtnæring. Eg var eldst og eg følte arven etter foreldra. Far fekk seg traktor, elles var det mykje slit. Her var mange drengar. Far var òg i Amerika. Han kom tilbake på 1920-talet. Han hadde landbruksskulen og teikna hovudtrekka, slik han ville ha gardseiningane.
Garden var òg telefonsentral i si tid. Han var i sentrum.

Sauehald , fjellbeite og rikeleg med fôr
Vi har 30 lammesauer. Vi fekk 65 lam i april/mai, og der vart òg trillingar, smiler Anne.
Det er kjekt å drive med sauer. Vi har òg 6 uksar på beite, brukar å ha 8-9 til vanleg.
Vi har rikeleg med fôr. Dei gjeng fram i utmarka, fram i bygda. Dei trekkjer så oppetter frå le til le fram til Herdalen.
Sauene er på sommarbeite i Herdalen – det er skikkeleg fjellbeite høgt til fjells.

Attåtnæring
– Ein kan ikkje leve av gardsbruket åleine.
Dei fleste har ein jobb ved sidan av. Eg har drive med gravemaskin og litt skyting.
Ivar var òg på olivinfeltet mellom Norddal og Eidsdal, men no er det lagt ned. Så arbeidde han på Åndalsnes, Øran Vest, med oljerør i nokre år. Far hans var postmann og Ivar vikarierte og hadde også telefonstasjonen. Han vart automatisert og sentralisert.
I 1958 var vegen ferdig. Vi køyrde den dagen vi gifta oss som nokon av dei første, heile brurefølgjet, tur retur! Ja, han var vel ikkje offisielt opna, ler Ivar.
Ivar tok over etter far sin som igjen tok over etter sin. Garden har vore i familien sitt eige, gått i arv.

Matproduktet og beite i vedsarvområdet
– Eg likar å lage heimelaga mør, når vi slaktar lam, seier Anne. Det er tradisjon. Vi tingar òg kjøtskrottar tilbake og lagar pinnekjøt. Ringdal slaktar for oss no, før var det Gilde og før den tid var det slakting heime.

Stein Ivar Krohn (telefonprat 19.09.07):
Ja, eg tok over for 12 år sidan. Eg er banksjef i Sparebanken Møre i Valldal, så eg er dagpendlar. Eg er heldig som får hjelp av gode foreldre, så dyra er aldri åleine. Det er ei generasjonsbedrift. Familien bryr seg. Nokon er der til ei kvar tid. Det er viktig å bry seg om dyra. For meg er gardsbruket ei kjærkoma avveksling. Det er nesten nostalgisk å gå i fjøsen og snakke med dyra. (Ja, dette må du ikkje skrive, skjemta Stein Ivar) – frå stillesitjande arbeid til fysisk aktivitet, og nærmast mediterande i lag med dyra.
Ja, eg trur vi produserer gode matprodukt. Når snøen ’reiser’, fer sauen etter med ein gong. Friskt og fint opp i Herdalen, i verdsarvområdet. Eg har sett at dei lamma som veks mest følgjer snøen oppover, et dei friske, nye spirene. Lamma veks opp og lever heile livet i ’verdsarvområdet’.

Jerv
Eg vonar berre at vi finn att alle no på sauesankinga – at ikkje jerven har forsynt seg. I Møllsdalen i Geiranger og i Valldalen har ein sett jerv. Ja, eg gløymer ikkje sauen vår ’Kvitnase’ som vart sprengt av å forsvare lamma sine mot jerven. Vi måtte avlive ’Kvitnase’, men han berga lamma sine -. Sankinga er ei oppleving og alle generasjonar deltek. Eg veit om ein gut som bad seg fri frå fotballkamp for å delta!

Framtida
Vi veit ikkje så mykje om framtida, og om Stein Ivar sine born vil ta over.
Samdrift er blitt vanleg og er løysinga for andre, men det er ikkje så aktuelt her.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *