Tor Lie

G.nr. 11, bnr.1 , og gnr. 12, bnr. 1 – Stranda

Intervju 13.10.08 med Tor Lie (40) og Lars Lie (72). Lie Gardstunet på garden Lie ligg 330 høgdemeter over Sunnylvsfjorden, om lag 10 km køyring frå tettstaden Stranda og frå husa ser vi tvers over fjorden olivinbrotet i Robbervika med Skrenakken kneisande stupbratt opp mot himmelen. Lengre inne ligg dei fråflytta gardane Smoge oppe i fjellsida. Gardsvegen til Lie går bratt og i svingar opp til høgste punkt på 405 meter, 4 km frå Opshaug som næraste granneskap. 


Ein får eit fint utsyn ned mot garden og det mektige landskapet, før ein svingar ned mot tunet. Dyrka mark frå 280 meter og opp til 405, så her er det bratt. Vegutløysing i 1939 Eg møter Lars Lie (72) og sonen Tor (40) på Lie. – Ja, utan veg hadde nok òg denne garden vore fråflytta, seier Lars Lie. Han vart bygt ferdig i 1939. Det heiter seg at det var den dyraste vegen til eit enkeltbruk i heile landet og kosta 22.000.- kroner. Vegen løyste ut alt og det var mogeleg for oss å drive vidare. Arbeidslaget var frå Hjørundfjorden. Dei held på i tre år, også til dels om vinteren. Straum og telefon Garden har vore i familien si eige så vidt eg veit tilbake til 1600-talet. – Det som skil denne garden frå dei fråflytta gardane her i fjorden, seier Tor, er sjølvsagt vegutløysinga, men òg at det vart lagt inn straum i 1923 og telefon allereie i 1918. Slik kunne ein drive meir som dei andre i bygda. Difor er det ikkje nedlagt her. No er vi dei einaste som driv langs Sunnylvsfjorden til vi kjem til Ljøen. Fjellbeite – og verdsarvområde Sauene beiter i fjellsidene på Duken tidleg på våren. Plassen ligg mot sydaust og ein knapp times gange frå Lie. Det er eit bra beiteområde. Så gjeng sauene opp i Dukelidalen, mot fremste Blåhornet som ligg på 1478 m.o.h. og det har hendt at dei også går over hornet. Sauene beiter høgt i verdsarvområdet! Det seier seg sjølv at sauesankinga byd på store utfordringar. Det hender jamvel at sankarane må klatre for å få ned sauene. – Sist vinter var det mykje snø, seier Tor. Breane var store. Vi fekk så ein tørr og varm sommar utan mykje nedbør. Det synte seg at lamma vart ekstra store. Kan hende har dette òg mykje med trivsel å gjere. Geit- og sauedrift – Hovudproduksjonen her har vore geit, elles hadde vi vel ikkje investert så mykje, seier Tor. Vi har 280 mjølkegeit i dag og 80 vinterfôra sauer. Klassifiseringa på sau har vore tilfredstillande. Siste åra særleg. Dette året har vore heilt spesielt med god sommar og trivsel. Vi har svært godt med fôr for vinteren. Mykje av fôret hentar eg ute i bygda, seier Tor. Eg sler 7 bruk mellom Opshaug og sentrum. Heilskapen er sentral og mykje må klaffe. To tilhøve er viktig: Klassifisering av slaktet og vekta. Det er ein samanhang mellom dei to. Vinteren kan vere sur, men vi har sola heile året, ein halvtime på det kortaste. Husa ligg mot sydaust og her er grøderikt. Det eignar seg for småfe her. Rovdyr Haustsankinga er ferdig no. Her er lite rovdyr, men noko tap blir det likevel. Ørna kan ta noko. Her er både kongeørn og havørn. Havørna hekkar nede ved fjorden og kongeørna lenger oppe, høgt til fjells. Det er i tilfelle kongeørna som kan ta lam. Her er streifdyr av jerv, men ikkje noka stamme. Vi er skåna for det. Om våren kan òg rev prøve seg på lam, men då har vi no eit visst oppsyn med dyra. – Oppe i lendet her ved ei myr heiter det Bjønnabakken, så det fortel om større rovdyr frå gamalt, smiler Lars. Stor innsats – og optimisme Intervjuaren må sei seg imponert over innsatsen til Lie-folket: Nye driftsbygningar og maskiner, velstelte marker, ei mengd sauer som beiter på heimebøen – og eit nytt, triveleg bolighus som rommar familien til Tor, kona Bodil og sønene Sondre (18), Tord (13) og Sjur (11). Tettstaden Stranda ligg innafor rimeleg avstand og gjer det mogeleg for borna å gå på skule. Fysikk-leksene står no for tur i heimen og då er mor god å ha som assistent! Framtida – Eg visste kva eg gjekk til, seier Tor. Eg har vore med på drifta frå tidleg. Det er no 10 år sidan eg overtok. Vi held i hevd det som har vore. Kvart dyr må takast vare på. Det er eit ansvar heile året. Det har vore store investeringar. Kva som skjer framover er vanskeleg å seie. Det må eit visst driftsomfang til, skal ein leve av ein gard i dag, men eg er optimist. Arild Flydal

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

sixteen − four =