Toril Kleiva

G.nr. 69 brn 6 – Eidsdal

Intervju 06.10.11:

Framgarden ligg oppe i fjellsida på Rønneberg, Eidsdal.
– Eg har nett vore oppe i fjella og sanka ned dei siste, to vaksne sauer og 3 lam, seier Torill smilande. Sauene fer vide om. Over urdene oppe i fjella over oss er det saftig gras. Dei har vore høgt til fjells heile tida, på Skrenakken og somme har gått over fjella mot Smoge, Isflå og Hornflå høgt over Sunnylvsfjorden. Dei følgjer også snøen for å finne god næring.
Det er ei stor føremon med gode beitetilhøve. Vi ser det på dyra. Dei vert trivelegare.

Vi har 65 vinterfôra sauer. Det kan verte opp til 120 lam, så det vert lange nattevakter.
Eg vil halde meg til det talet. Det er slik lettare å ha oversikt og korleis det er med dyra.

Arild, mannen min voks opp her på garden. Han er elektrikar og har vanleg arbeidsdag. Det er eg som er drivar av garden. Det er ei fornuftig arbeidsdeling.
Borna er vaksne og har fått god utdanning. Dei måtte på hybel, men det har gått fint.

Torill har mista nokre lam i år, men vil ikkje skulde på rovdyr eller ørn.
Jerv er ikkje observert. Rev kan likevel ta dei tidleg.

Torill vil halde på god kvalitet og plukkar ut om lag 10 av dei beste lamma. Ho ser etter personlegdom og gode ‘mjølkarar’.
Dei kallar vi ‘påsettlam’, dei vert ‘påsett’ og får leve vidare og teke inn i produksjon.
Heilheita, både ull og kjøt og beitetilhøve er viktig.
Eg likar dyr. Trivsel er viktig både for menneske og dyr.
Og så vert det ein livsstil.

Tlf. 90559010, E-post: tkkleiva@hotmail.no

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

eighteen − seven =