VERDSARVOMRÅDET

Verdsarvområdet omkring Geirangerfjorden, Norddalsfjorden og Tafjorden er bland dei villaste og vakraste fjordlandskapa vi har. Området er beskytta av UNESCO på grunn av sitt særpreg. Ein viktig del av dette særpreget, er dei fantastiske fjellgardane. Enkelte av gardane ligg på små fjellhyller, fleire hundre meter rett over fjorden. Her klarte dei i tidlegare tider å skape seg eit levebrød gjennom hardt arbeid, nøysemd, og kunsten å stelle godt med dei ressursane ein hadde. Vi trur haldningane frå fjellgardane, med omsorg for kvarandre, og kunsten å stelle godt med dei ressursane ein hadde, framleis pregar dei som driv med gardsdrift i området. I dag er det gardane med vegforbindelse som framleis er i drift. Vi meiner det er viktig å halde desse tradisjonane og dette landskapet i hevd. Aktiv bruk av beiteområda er heilt nødvendig for denne bevaringa.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

seventeen − four =