VERDSARVOMRÅDET

Verdsarvområdet omkring Geirangerfjorden, Norddalsfjorden og Tafjorden er bland dei villaste og vakraste fjordlandskapa vi har. Området er beskytta av UNESCO på grunn av sitt særpreg. Ein viktig del av dette særpreget, er dei fantastiske fjellgardane. Enkelte av gardane ligg på små fjellhyller, fleire hundre meter rett over fjorden. Her klarte dei i tidlegare tider å skape seg eit levebrød gjennom hardt arbeid, nøysemd, og kunsten å stelle godt med dei ressursane ein hadde. Vi trur haldningane frå fjellgardane, med omsorg for kvarandre, og kunsten å stelle godt med dei ressursane ein hadde, framleis pregar dei som driv med gardsdrift i området. I dag er det gardane med vegforbindelse som framleis er i drift. Vi meiner det er viktig å halde desse tradisjonane og dette landskapet i hevd. Aktiv bruk av beiteområda er heilt nødvendig for denne bevaringa.

Arild_Ljungberg

'Haugen'

Arild Ljungberg

Gnr. 63, bnr. 3,6,7 - Eidsdal

Intervju med Arild Ljungberg og Marilyn Lie Haugen, Gnr. 63, bnr. 3,6,7, Eidsdal. Garden ligg omlag 450 m.o.h. på Årset ved Eidsvatnet. Gnr. 63, bnr. 3,6,7 og kallast Haugen. Eigar er Kjell Rødal. Kjell er busett på Ski på Austlandet og han flytta dit for 35 år sidan. Kjell overtok garden etter bror sin, Øystein. Det har vore fleire forpaktarar på garden, etter at Øystein døydde i 1991.

Les mer

'Pergarden'

Arnfinn Westeraas

Gnr. 116, bnr. 1, Geiranger

Intervju 06.09.07med Arnfinn (41 år) og far hans Per Westerås (73 år), Pergarden, Westerås gard og restaurant, gnr. 58, bnr. 1, Geiranger.

Garden Vesterås ligg 320 m.o.h. oppå det loddrette Vesteråsfjellet over Geiranger sentrum og har ein makelaus utsikt ned mot Geirangerfjorden. Garden ligg brattlendt til, men jorda er grøderik. Etter køyrevegen om Holebygda er det 4.5 km frå verdsarvfjorden. Garden finns i matriklar tilbake til 1600-talet og i jordebøkene finn ein namnet i 1603. Det har likevel vore menneske på gardsområdet heilt tilbake til steinalderen. Det viser funn. - Tippoldefar min fann ei steinøks her og den hadde dei i eit skråskap fram til 1907, då fonna kom og tok med seg steinøksa og andre eignelutar som forsvann. I generasjonar har menneska drive garden.

Les mer

Frode Ronneberg

'SKULEGARDEN'

Frode Rønneberg

Gnr. 69, bnr. 8, Eidsdal

Intervju 09.09.07med Frode Rønneberg, Skulegarden, gnr. 69, bnr. 8, Rønneberg, Eidsdal

Eg møter Frode Rønneberg (47 år) og Gunhild Lillebostad (42 år) frå Bolsøya på ’Skulegarden’ på Rønneberg.

Gamleskulen
- Ja, gamleskulen som garden har namnet etter, står her den dag i dag, seier Frode og peikar på ei lita, kvit stove nedanfor huset deira. Foreldra mine, Ragna Marie Olivia og Leiv Rønneberg gjekk på skule der. Skulen er sjølvsagt nedlagt no.

Les mer

Georg Indreeide

'Olagarden'

Georg Indreeide

Gnr. 64, bnr. 2, Eidsdal

Intervju 06.09.07 med Georg (35 år) og Janne Stine Indreeide (32 år), Olagarden, gnr. 64, bnr. 2, ved Eidsvatnet, Eidsdal, Norddal kommune

Gardane ved Eidsvatnet ligg 430 m.o.h. – det er 12 km til Eidsdal sentrum. Over til Møll og Ørnevegen i Geiranger går vegen også i tunnel over eit djupt skar med stor fonnfare. Dette er samstundes overgangen til Geiranger som ein har nytta til alle tider. - Vi driv eigentleg tre bruk, seier Georg: Olagarden (bnr. 2) som vi bur på, så Reitegarden (bnr. 1) som eg kjem i frå og Magnusgarden (bnr. 4).

Les mer

Gudmund Relling

'Relling'

Gudmund Relling

Gnr. 53, bnr. 4, Norddal

Lorem Ipsum is simply dummy text of the printing and typesetting industry. Lorem Ipsum has been the industry's standard dummy text ever since the 1500s, when an unknown printer took a galley of type and scrambled it to make a type specimen book.

Les mer

'Toregarden'

Kristian Indreeide

Gnr. 73 bnr. 6, Eidsdal

Intervju 05.10.11 med Kristian Indreeide (24 år).

Kristian Indreeide og Toregarden
Kristian Indreeide tok over Toregarden i Eidsdal ved nyttårsleite i 2010. Garden ligg sentralt i Eidsdal, men ligg likevel landleg til. Tvers over elva ser vi sauene beite på leigd mark. - Folk synest det er positivt, seier Kristian. Dei set pris på at vi held kulturlandskapet ved like. Før gjekk det ikkje dyr der borte. For to år sidan i 2009 la naboen òg ned gardsdrifta der på andre side av elva. Då grodde det fort att. Det hadde heller ikkje gått dyr der dei siste10 åra. Sauene ‘tok nedåt’ temmeleg fort, ler Kristian. - No er det berre to gardsbruk her nede, seier han.

Les mer

Kristin Bakken

'Pe-garden'

Kristin Bakken

Gnr. 121, bnr. 2. Geiranger

Lorem Ipsum is simply dummy text of the printing and typesetting industry. Lorem Ipsum has been the industry's standard dummy text ever since the 1500s, when an unknown printer took a galley of type and scrambled it to make a type specimen book.

Lorem Ipsum is simply dummy text of the printing and typesetting industry. Lorem Ipsum has been the industry's standard dummy text ever since the 1500s, when an unknown printer took a galley of type and scrambled it to make a type specimen book. It has survived not only five centuries, but also the leap into electronic typesetting, remaining essentially unchanged. It was popularised in the 1960s with the release of Letraset sheets containing Lorem Ipsum passages, and more recently with desktop publishing software like Aldus PageMaker including versions of Lorem Ipsum.

Lorem Ipsum is simply dummy text of the printing and typesetting industry. Lorem Ipsum has been the industry's standard dummy text ever since the 1500s, when an unknown printer took a galley of type and scrambled it to make a type specimen book.

Les mer

Leidulf Tajford

'Ytste Kilsti'

Leidulf Tafjord

Gnr. 72, bnr. 1 i Norddal

Intervju 31.08.07 med Inger Johanne og Leidulf Tafjord Ytste Kilsti – gnr. 72, bnr. 1. i Eidsdal
Eg møter Inger Johanne og Leidulf Tafjord på garden ’ytste Kilsti’ i Eidsdal, gnr. 72, bnr. 1. Garden ligg høgt og fritt, 425 høgdemeter over sentrum i Eidsdal, men sjøvegen er 9 km lang opp fjellet. Her er også ein kortare sjøveg, rett ned berget som òg heiter ”Berje” (Berget). Ikkje rart at ei tyding av namnet Kilsti er ”Geitastien”. Det er ein makelaus utsikt over Norddalsfjorden, Linge, Valldal og Norddalsbukta. Rett under oss, langt der nede ligg ferjekaia. Garden må reknast som ein fjellgard og ligg ytst ute av Kilstigardane.

Les mer

Marit Ronneberg

'Heimste Dunavollen'

Marit Ronneberg

gnr. 59, bnr. 9, Norddal

Intervju 03.09.07 med Marit Rønneberg (44 år) ”Heimste Dunavollen”, gnr. 59, bnr. 9, Relling i Norddal

- Eg driv garden åleine og har 4 born. Eg er eineveldig eineherskar på småbruket, ler Marit Rønneberg. Eg møter ei kvinne med godt humør og optimisme. - Her er 32 mål dyrka mark, og beite på innmark og utmark.

Les mer

Martin Nystad

'Hatlestadgjerdet'

Martin Nystad

Gnr. 54 bnr. 4, Norddal

Intervju 28.09.07 med Ingvild og Martin Nystad, Hatlestadgjerdet, Gnr. 54 bnr. 4, Norddal,

På det brattlendte bruket, Hatlestadgjerdet, 300 høgdemeter over Norddalsfjorden møter eg Ingvild Nystad. Vi sit i det gamle kårhuset på Nystad. - Oldefar til Martin byrja å kalle det Nystad og dei som budde her flytta til Amerika.

Les mer

Roar Saether

'Møll' & 'Jørgengarden'

Roar Sæther

Gnr. 54,bnr. 1,2 og 3, Geiranger & Gnr. 66 bnr. 4, Eidsdal

Intervju 31.08.07 med Roar Sæther, Møll, Gnr. 54, Bnr. 1, 2, 3, Geiranger, og Jørgengarden Gnr. 66, Bnr 4, Eidsdal.

- Eg byrja med geit og sauer her på Møll i 1995, seier Roar Sæther (45år). Eg møter Roar ved den store geitfjøsen oppe i Ørnevegen i Geiranger.

Les mer

Stein Ivar Krohn

'Dalebøen'

Stein Ivar Krohn

Gnr 49 bnr 1, Norddal

Intervju 03.09.07 med Stein I. Krohn (48 år) og foreldra Anne (71) og Ivar Krohn (77), ”Dalebøen”, gnr. 49, bnr. 1, Dale, Norddal

Eg sit hos Anne (71) og Ivar Krohn (77). Sonen Stein som har teke over drifta er ikkje i bygda og eg må ta tak i han seinare. Garden ligg nede ved Norddalsfjorden, i sentrum av bygda. Anne og Ivar sit inne med mykje kunnskap.

Les mer

Oystein Klempe

'Hatlestad'

Øystein Klempe

Gnr. 54, bnr. 3, Norddal

Intervju 06.09.07 med Øystein Klempe Hatlestad, ”Jo-garden”, gnr. 54, bnr. 3, Norddal

Garden
Garden Hatlestad (utt. ”hall´sta”) ligg høgt opp mot reset mellom Norddal og Eidsdal, 400 m.o.h. og med ei veglengd på 6 km til sjøen. Hatlestadsetra ligg rett ovanfor garden. - Hatlestad er eit vikingtidsnamn på gardsområdet, seier Øystein Klempe, eller Jo-garden meir spesifikt på dette bruket etter Jon Olsen Kleiven, år 1870. Han var den første sjølveigaren. Før det var det lokalt kyrkjegods som igjen kan tyde på at det kan vere ei gåve frå ein stormann til kyrkja. Dei gamle leiglendingsslektene døydde ut. Etter Jon var det tre generasjonar og nokre eigarskifte, før vi kjøpte det i 1985. No har eg odel. Eg er leiar i Norddal bonde- og småbrukarlag. Er agronom, men har og anna fagleg utdanning og jobbar i Molde kommune som reguleringsarkitekt. Eg pendlar 4 dagar i veka. Øystein fortel at han er oppe kl 5 for å ta fjøset, så ferje i sekstida. Onsdag er det heimekontor.

Les mer

'Lie og Duken'

Tor Lie

G.nr. 11, bnr.1 , og gnr. 12, bnr. 1 - Stranda

Intervju 13.10.08 med Tor Lie (40) og Lars Lie (72). Lie Gardstunet på garden Lie ligg 330 høgdemeter over Sunnylvsfjorden, om lag 10 km køyring frå tettstaden Stranda og frå husa ser vi tvers over fjorden olivinbrotet i Robbervika med Skrenakken kneisande stupbratt opp mot himmelen. Lengre inne ligg dei fråflytta gardane Smoge oppe i fjellsida. Gardsvegen til Lie går bratt og i svingar opp til høgste punkt på 405 meter, 4 km frå Opshaug som næraste granneskap. 


Les mer

'Framgarden, Rønneberg'

Toril Kleiva

G.nr. 69 brn 6 - Eidsdal

Intervju 06.10.11:

Framgarden ligg oppe i fjellsida på Rønneberg, Eidsdal.
- Eg har nett vore oppe i fjella og sanka ned dei siste, to vaksne sauer og 3 lam, seier Torill smilande. Sauene fer vide om. Over urdene oppe i fjella over oss er det saftig gras. Dei har vore høgt til fjells heile tida, på Skrenakken og somme har gått over fjella mot Smoge, Isflå og Hornflå høgt over Sunnylvsfjorden. Dei følgjer også snøen for å finne god næring. Det er ei stor føremon med gode beitetilhøve. Vi ser det på dyra. Dei vert trivelegare.

Les mer

Karl Petter Stenvag

'Stenvåg, Hjellane'

Karl Petter Stenvåg

G.nr. 58 Bnr. 9 - Eidsdal

Eg møter Karl Petter Stenvåg på oldefars-garden Stenvåg oppe i lia i Eidsdal.
- Ja, her er mykje stein her oppe på Hjellane! smiler Karl Petter, ein staut kar på 26 år - og mykje måtte ryddast! Det var mykje hardt arbeid.

Les mer

RÅVARER

I verdsarvsområdet aler ein opp dyra på same måten som før. Der er få dyr på kvar gard, mykje må gjerast for hand, og ein ser framleis hesjar i dei brattaste skråningane. Frå dyra er 2-3 veker gamle, beiter dei berre i naturen. Dei går frå tangbeltet i fjøra og heilt opp til dei høgaste toppane på 1700 meter. Ofte fyljer dei snøkanten, og forsyner seg av dei nye spirene . Dei beiter og i spora etter snøskred, der det veks opp eit mangfald av urter. Vi trur dette er med på å gje den gode smaken.

Bottom Oppskrifter Images